Norges geologiske undersøkelse (NGU) er i gang med å utarbeide nye kart over sjøområda på Søre Sunnmøre. Karta har svært høg oppløysing og viser detaljar på sjøbotnen som ingen har sett før.

Karta er baserte på djupnedata frå Kartverket, og blir grunnlaget for ei rekke andre kart som NGU lager i samarbeid med kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven. Karta dekker mesteparten av sjøområda i kommunane, og Runde Miljøsenter har ansvar for koordinering av prosjektet. NGU finansierer 50% av kostnadene, medan kommunane og Fylkesmannen i Møre og Romsdal betaler resten. Prosjektet starta med at Møre og Romsdal Fylkeskommune finansierte eit forprosjekt der Høgskolen i Ålesund, Møreforsking, Bioforsk Tingvoll og Runde Miljøsenter var med.

I første omgang er det snakk om relieffkart som viser korleis formasjonane på sjøbotnen buktar seg ut. Alle fjordane har eit flatt midtparti, av mudd og sand, som har samla seg der opp gjennom tidene.

Det vart gjort eit svært vellykka 19-dagars tokt i august i fjor, der botnen vart filma på 166 plassar. Dei kjem att til våren og jobbar vidare frå NGU-båten «Seisma». Etter kvart vil det også kome detaljerte kart over biologien og botnsedimenta. Kommunar har fått ein god reiskap til å bestemme korleis dei skal disponere sjøområda sine.

I neste omgang vil det bli kartlagt eit stort område sør mot Stadt, slik at ein vil kunne få samle eit stort samanhengande kystområde frå Florø til Hareid (Sula) på det so skal kallast marine grunnkart.

Karta vil bli tilgjengelege for alle, men ikkje på Sunnmørskart.no

På dei karta som er laga til no kan vi blant anna sjå vraket av Arisan utanfor Runde og to vrak i Åramsundet. Mange vil sjølvsagt vere interesserte i å vurdere Hafast-prosjektet opp mot dei grunnene som kartet avslørte.

Søre Sunnmøre er det første området i landet som får tilgang til kart over sjøbotnen med 1*1 meters oppløysing