- Aldri opplevd maken

Billettsalet til Fifty shades of grey" overgår alt anna ved Sjøborg kino

Kinosjef Kristine Brungot ved Sjøborg framfor plakaten til "Fifty shades of grey". 

Nyhende

I dag, fredag 13. februar er det verdspremiere på filmen "Fifty shades of grey.

Kinosjef Kristine Brungot ved Sjøborg kino fortel at ho aldri har opplevd maken til interesse for ein film.

- Vi har hatt godt førehandssal på nokre andre filmar også, til dømes "Hobbiten" og "Max Manus", men "Fifty shades of grey" overgår desse rekorden med god margin.

Førehandssalet er på 450 billettar. Sjøborg kino har 118 sitjeplassar, og det blir framsyning i dag, fredag, ei laurdag og to på søndag.

Det er ikkje plassar igjen verken fredag eller laurdag. Men ekstraframsyninga som er sett opp søndag klokka 18.00 har ledige billettar.

Det blir fleire framsyningar ut over i neste veke, og til desse framsyningane er ikkje alle billettar utselde.

- Interessa er heilt spesiell. Dette er tydelegvis ein film som mange vil sjå, og der er vi på linje med resten av landet. Det er godt billettsal nesten over alt, kommenterer kinosjefen i Ulsteinvik.