Etter eit mellomspel på Dombås, er Kvalsvik Kjøkken i ferd med å flytte tilbake til Hareid. Like før Kvalsvik Produksjon gjekk konkurs på Dombås, vart namnet endra til "Takk og farvel AS".

Geir Kvalsvik har no kjøpt tilbake konkursbuet etter Kvalsvik Produksjon, AS, og ifølgje Sunnmørsposten har dei første varebilane køyrt frå Dombås med maskiner og varelager.

Kvalsvik leiger 300 kvadratmeter

I fjor kjøpte enkeltmannsforetaket Ottar Arne Hareide bygninga til Røyset Industri på Ytre Hareid. Bygget er på 500 kvadratmeter, og Hareide AS, leiger 200 kvadratmeter.

- Kvalsvik Kjøkken har leigt 300 kvadatmeter i bygget, fortel Ottar Arne Hareide.

Det har ikkje lykkast vikebladet.no å få kontakt med Geir Kvalsvik.

Til Sunnmørsposten fortel han at dei planlegg å starte produksjonen om to-tre veker, og at det er tatt inn tre medarbeidarar frå Hareid.

- Håper dei lykkast

- For oss er det positivt at Kvalsvik Kjøkken leiger seg inn i bygget, og eg håper verkeleg at dei vil lykkast med satsinga, kommenterer huseigar Ottar Arne Hareide.

Firmaet hans, Hareide AS, driv med sal og service på varmepumper, solskjerming og garasjeportar.