Då MF Tidefjord skulle legge ut frå kai på Hareid ved 13.30 avgangen støytte ferja på eit problem. I vegen var nemleg det nye Eidesvik-fartøyet Viking Neptun som nyleg vart overlevert frå Kleven.

Tom Henrik Muggerud fortel at han var ute på tur på Hareid då han høyrde at ferja måtte legge seg på fløyta på veg ut moloen.

- Når eg høyrde fløyta frå ferja såg eg at den nye båten frå Kleven la ut frå kai, ferja var vel på veg ut etter ruta. Det såg spanande ut der og då, fortel Muggerud.

Han har lagt ein video frå hendinga ut på si facebook-side, og han fortel at ferja såg ut til å gjere ein unnamanøver for å kome seg utanom Viking Neptun. Det ser ein også på AIS, der ferja har lagt ut på ein omveg like utanfor moloen på Hareid.

Sjå videoen i toppen av saka.

AIS viser at MF Tidefjord måtte leggje ut på ein omveg på tur ut frå Hareid like etter 13.30.