"Venezia pizzeria restaurant" er namnet på den nye restauranten som opnar i Kyrkjegata 4 (tidlegare Napoli Pizzeria) i dag, torsdag 26. februar.

Harun Ilhan, som i 10 år dreiv eigen restaurant i turistbyen Alanya i Tyrkia, blir dagleg leiar.

- Sjølv om vi har pizzeria i firmanamnet vårt, skal dette bli meir enn ein pizzarestaurant. Vi har spesialisert oss på italiensk og tyrkisk mat, og på menyen vår står mange rettar frå desse landa. To land som begge er kjende for eit godt kjøkken, kommenterer Harun Ilhan.

Dei tilbyr både grillmat og a la-carte, vil også ha ei bringeteneste.

Lokala til Venezia pizzeria restaurant har vore stengt ein periode. Dette forklarer Ilhan med at lokala, inkludert kjøkkenet, har vore gjennom ei omfattande restaurering.

-Vi skape ein triveleg restaurant der folk kan sitje rundt borda og nyte eit godt måltid. Då måtte det ei renovering til, forklarer han.