Marco Dimmen frå Ulstein/Herøy er innstilt som nummer to på Tverrpolitisk liste for Sunnmøre ved fylkestingsvalet til hausten.

Ved førre val stod han på åttandeplass på lista.

Det er Randi Karin Asbjørnsen frå Ålesund som toppar Sunnmørslista. Den tverpolitiske lista har hatt tre representantar på Fylkestinget den siste perioden.

- Det er ikkje rett at fylkesadministrasjonen skal gi dei tre fogderia kvar sin tredjedel av kaka, når Sunnmøre åleiune utgjer 54 prosent av den samla folkesetnaden i fylket, seier Asbjørnsen.

I tillegg til å kjempe Sunnmøre si sak på fylkestinget, vil Sunnmørslista også slåst for saker som er viktige for innbyggjarane i Møre og Romsdal, men der den endelege avgjerdsla ligg utanfor fylkeskommunen sitt ansvarsområde.

- Til dømes sjukehusproblematikken her i fylket, som ikkje minst Høgre har ansvaret for har kome heilt ut av kontroll. Her er den såkalla funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i Ålesund og Molde noko vi må vere merksame på , i tillegg til risikoen for at sukehuset i Volda vert nedbygd, seier Randi Karin Asbjørnsen.

Av andre lokale namn lenger nede på lista finn vi Ansgar Åge Vestnes frå Sande, Tone Kristin Tjervåg frå Herøy, Dag Kvammen frå Hareid og Alf Jon Nerland frå Herøy.