Lampebutikken Nordlys Design i Ulsteinvik opna fredag føremiddag dørene til dei sjøveigde lokala sine i Ulsteinvik.

Ein flokk folk hadde samla seg utanfor døra, spente på å få sjå korleis det tok seg ut inne i butikken.

- Veldig fint, kommenterte Bente Bjørvig, den første kunden, som også fekk sprette den store marsipankaka som stod sentralt plassert i lokalet.

Innehavar Iren Teigene var strålande glad under opninga.

- Eg har hatt litt sommarfuglar i magen, men det ser ut til at folk likar butikken, smiler ho.

Dei nye lokala er ein god del større enn dei førre lokala som Nordlys Deisgn heldt til i. Følgjeleg har også utvalet blitt større.

Forretninga har 10-årsjubileum i år.