Noreg har fått gjennom nye internasjonale retningslinjer for stabilitet på ankerhandteringsskip i FNs sjøfartsorganisasjon IMO.

Som følgje av Bourbon Dolphin-forliset i 2007 innførte Sjøfartsdirektoratet fleire tiltak for å betre tryggleiken for ankerhandteringsfartøy, blant anna krav til stabilitet.

I 2010 tok den norske delegasjonen til IMO (International Maritime Organization), initiativet til å setje dette på dagsorden internasjonalt.

– Før Bourbon Dolphin-ulykka fanst det ikkje spesifikke internasjonale stabilitetskriterium for ankerhandteringsoperasjonar. Vi vonar at dei nye retningslinjene vil føre til meir merksemd rundt faremomenta knytt til slike operasjonar, seier seniorrådgivar Turid Stemre, leiar for den norske IMO-delegasjonen, i ei pressmelding.

– Hovudbodskapen i stabilitetskriteria er at ein skal kunne dokumentere kor store krefter båten kan handtere ved ankerhandtering, fortel seniorrådgjevar i Sjøfartsdirektoratet Anders Mathisen.

MS «Bourbon Dolphin» var eit ankerhandteringsskip eigd av reiarlaget Bourbon Offshore Norway i Fosnavåg. Skipet kantra under flytting av anker for den halvt nedsenkbare flyteriggen Transocean Rather nordvest for Shetland i 2007. Sju av mannskapet på 15 blei redda i live.