Akkurat då dåpsseremonien skulle starte ved Ulstein Verft klokka 14.00 fredag, bles det opp til storm i kasta - og med piskande regn.

Men Dagny Wærdahl, som jobbar ved finansavdelinga til Ulstein Group, tok utfordringa på strak arm.

Ho kasta champagneflaska mot skutesida så ho knasa på første forsøk, og fortalde etterpå at ho er både stolt og glad over å få vere gudmor.

- Eg håper skipet vil bringe framgang, glede og vokster for alle involverte, la ho til.

30 skip med PX121-design

Tilsaman er det bygd 30 skip av typen PX121, ni av dei ved Ulstein Verft, og administrerande direktør Kristian Sætre opplyste at PX121 er det mest bygde designet i verda dei siste fem år.

- Ni av dei er bygde ved Ulstein Verft, og vi leverer det tiande om nokre veker, så her går det på løpande band, sa Sætre i talen sin.

Han slo fast at det var intensivt å byggje fire skip samtidig, og at det ikkje hadde gått utan den store innsatsviljen til dei som jobbar ved verftet.

- Eg vil takke alle eigne tilsette og innleigde, og rette ei spesiell takk til prosjektleiar Mikal Warholm, sa Sætre før han oppmoda gjestene om å kome seg under tak inne i båten, slik at dei ikkje skulle bli heilt gjennomblaute.

Skal driftast av Golden Energy Offshore

«Blue Queen» vart overlevert til Blue Ship Invest frå Ulstein Verft tidelgare i veka.

Skipet er det første av to skip som reiarlaget Golden Energy Offshore i Ålesund har driftsavtale på.