- Eg er glad for at rådmannen og dei som har laga saksutgreiinga ser verdien av variasjon i barnehagetilbodet i kommunen, seier SU-leiar ved Hareid barnehage, Torill Overå.

Saka skal fram for levekårsutvalet og formannskapet i komande veke – og så til kommunestyret 19. mars.

Oppmodar foreldre om å søkje plass

- Mange foreldre har ikkje tort å søke plass i barnehagen på Teigane fordi kommunestyret har gjort eit vedtak om å førebu nedlegging frå 1. august. – Desse må no vere klar over den endringa som no skjer og passe på å søkje, seier Overå.

Rådmannen har nemleg med eit ”ris bak speilet”: Blir søknaden til Hareid barnehage for liten, medfører det ein prosess med overflytting av born til andre barnehagar.

Rådmannen held også døra open for ei framtid med eventuell drift ved berre ei avdeling ved Hareid barnehage.

Rådmannen skriv at han også vil halde fram i prosessen med å vurdere ny barnehagestruktur i kommunen. I løpet av 2016 vil han legge fram ein ny strukturlpan. I dette planarbeidet vil han sjå på ”optimale løysingar i høve eit kvalitetsmessig godt tilbod til barna og den kommunale økonomien.”

Det var i budsjettmøtet 18. desember i fjor at kommunestyret bad administrasjonen i Hareid kommune om å legge fram ei sak om nedlegging av Hareid barnehage frå 1. august 2015.

På tampen av fjoråret hadde dei fire barnehagane i kommunen dette barnetalet:

Gnist Holstad (privat) 155

Bigset 54

Syverplassen 53

Hareid (Teigane) 29

Dette blir til saman 291 born. Samtidig er barnehagebehovet i Hareid i framtida sett til 363 plassar, medan dagens kapasitet er 356.

Eit argument til fordel for vidare drift ved Hareid barnehage er at forsking påpeiker at mellomstore barnehagar har den beste pedagogiske kvaliteten. 60 plassar blir rekna som optimalt, eit tal som begge dei to andre kommunale barnehagane Bigset og Syverplassen, ligg tett opp til i dag.