Frå neste veke blir opningstidene ved Herøy og Sande lensmannskontor utvida til fire dagar i veka, og kontoret er oppgradert og gjort meir innbygdande for publikum, melder avisa Vestlandsnytt.

- Eg er veldig glad for signala frå politimeisteren om at alle lensmannskontora skal vere likeverdige, og at der ikkje skal vere såkalla «A» og «B»-kontor. No er vi  opptekne av å gi publikum eit best mogleg tilbod ved kontoret, innanfor dei nye opningstidene, uttaler lensmann Hilde Aglen ved Herøy og Sande lensmannskontor.

I ein periode har det ikkje vore politifolk fast på jobb på dagtid gjennom veka i Fosnavåg. Frå og med måndag vil både lensmann Aglen og politibetjent Jørn Larsen vere på plass fire dagar i veka.