Ein vandrar på Alme kom over denne kusymra i dag, søndag 1. mars.

- Dette er to månader for tidleg, protesterer mannen.

Rett nok er det latinske namnet på kusymra primula vulgaris, der slektsnamnet primular tyder "den første om våren". Men det får vere grenser for kor tidleg ting og tang skal sprette ut.

Det er vel der tilnamnet "vulgaris" kjem inn då, tenkjer du kanskje.

Men nei, vulgaris tyder noko så kjedeleg som vanleg. Men to månader før tida, det er vel heller uvanleg?

Har du bilete av vårteikn som har gått amok eller som du berre tykkjer er vakre eller artige? Send dei inn til redaksjon@vikebladet.no