Ulstein sokn byr inn til soknemøte i Ulstein kyrkje førstkomande torsdag. Her er temaet val av kyrkjetomt.

Soknemøtet er ope for alle medlemmer i den norske kyrkja. Her får dei høve til å seie si meining om kva for ei løysing soknet skal satse på når det gjeld bygging av ny kyrkje.

Signala frå soknemøtet vil bli lagt til grunn når fellesrådet i Ulstein sokn samlast seinare i mars for å bestemme seg for kva løysing dei ønskjer å satse på.

Det er kommunestyret som til sist avgjer saka om ny kyrkjetomt. Det skal etter planen skje i samband med kommunestyremøtet i mai.