Til nærings- og miljømøtet i Hareid tysdag 3. mars innstiller rådmannen på at Ragnar Røyset får konsesjon på to eigedomar på Røyset og Fjelle.

Foreldra hans, Norvald og Karin, står som eigarar i dag.

Både foreldra – og bestemora Rakel på 99 år – bur på Kvernhusgjerdet på Røyset, som er driftssenter for dei to eigedomane.

For at bestemora skal kunne bu vidare på heimegarden sin – der ho også har tinglyst burett - har Ragnar søkt om konsesjon for i første omgang å kunne halde fram med å bu på Bigset, 2,5 km unna.

Det meiner rådmannen er greitt, og føyar til i konsesjonsvilkåra at Ragnar må flytte til bruket når våningshuset der er ledig – og oppfylle buplikta på 5 år.

På sikt har Ragnar sine foreldre tenkt å flytte ned til Hareid sentrum.

1437 dekar

Eigedomen er to-delt, med den eine delen på Røyset og den andre på Fjelle. Totalarealet er på 1437 dekar. Av dette er 35,5 dekar fulldyrka jord, 3,3 overflatedyrka og 12,2 dekar innmarksbeite. Skogarealet er på 346 dekar og anna areal på 1040 dekar. Innmarksareala ligg både på Røyset og Fjelle.

På Røyset er der eit bustadhus frå 1971 i middels god stand, eit sauefjøs frå

1985 i middels god stand og eit hønsehus frå 2009 i god stand. På Fjelle er der eit bustadhus frå 1870 i god stand, eit fjøs frå 1885 i dårleg stand og eit stabbur frå 1890 i middels god stand.

Ved driftssenteret på Røyset er der eggproduksjon på 7500 høner, 60-70 vinterfora sau og fem islandshestar.

Areala på Røyset og Fjelle vert nytta til spreieareal for husdyrgjødsel og beite for sauer og hestar.

Ragnar Røyset vil halde fram med landbruksdrift i same skala som no. Han har vakse opp på bruket og har teke del i drifta frå han var ung. Han meiner å kunne ta godt vare på drifta ved å bu på Bigset. Å bu på Fjelle vil føre til lenger og meir tungvindt veg til driftssenteret på Røyset.

Den dagen våningshuset på Røyset vert ledig vil han derfor flytte dit med familien sin, går det fram av sakspapira.