Lasse Stokkeland går frå 1. mars inn som leiar av forretningsområdet Ship Technology i Havyard Group ASA. Kenneth Pettersen held fram i stillinga som operasjonsdirektør (COO) i Havyard Group ASA.

Kenneth Pettersen har i ein periode, i tillegg til rolla som COO i Havyard Group ASA, vore leiar for forretningsområdet Havyard Ship Technology AS. Dette var planlagt å vere mellombels inntil ein ny leiar for forretningsområdet var på plass. Lasse Stokkeland vart tilsett som prosjektdirektør i Havyard Ship Technology hausten 2014 med intensjon om at han i tillegg skulle ta over som leiar av forretningsområdet etter ei tid.

- Lasse har i løpet av denne perioden bevist at han er rett kandidat til denne viktige rolla i Havyard, og me er veldig nøgde med å få Lasse med på laget, kommenter Kenneth Pettersen.

Forventningar og krav

Lasse Stokkeland vil ha ansvaret for skipsbyggingsaktiviteten i Havyard-konsernet. Havyard Ship Technology består av skipsverftet i Leirvik i Sogn, prosjekt- og ettermarknadsavdeling i Fosnavåg og i tillegg utekontor i Tyrkia og Polen.

Lasse Stokkeland kom til Havyard frå stillinga som teknisk direktør i Havfisk ASA der han hadde ansvar for teknisk drift og vedlikehald av 12 trålarar. Før det var Stokkeland prosjektleiar i Havfisk ASA og hadde ansvar for oppfølging av bygginga av tre av trålarane som vart bygd ved Vard. Stokkeland har også lang erfaring frå skipsbygging, mellom anna då han var prosjektleiar ved Havyard Ship Technology i Leirvik frå 2009 til 2011.

- Den viktigaste oppgåva mi i Havyard blir å sørgje for at alle i organisasjonen leverer det som blir forventa av dei, seier Stokkeland. – Gjennom det får me betre kontroll, arbeider effektivt og leverer den kvaliteten som er avtalt til kundane våre. Eg kjem til å sjå på alle fasane i verdikjeda vår og sørgje for at me driv verdiskapande aktivitet, seier Lasse Stokkeland.