Medan Hareid kommune kan vise til eit føreløpig resultat med mindreforbruk på meir enn 9 millionar, kan ein ikkje vente like gode tal i Ulstein kommune. Rådmann Einar Vik Arset slår fast at ein ikkje kan vise til noko jubel-resultat for 2014.

– I 2014 ser det bra lovande ut, men der er nokre område som har betydelege overskridingar. Det eine er tilskot til private barnehagar, som i 2014 summerer seg til kanskje 5 millionar over budsjett. Utdanningsdirektoratet har endra forskrifter for utmåling av tilskot tre gongar på tre år, men no er det definert at det er rekneskapsåret to år før som skal gjelde for utbetaling, fortel Einar Vik Arset. Rådmannen fortel at det fører til at det ikkje lenger skal vere noko tvil om tilskotet.

Tre sprekkar

Det andre området der Ulstein kommune har fått ein sprekk i forhold til budsjettet er innan barnevern.

– Det gjeld vel 2,5 millionar kroner, forte Vik Arset. Han legg til at det skuldast tiltak i kommunen og at det interkommunale samarbeidet er drifta i balanse både på lønskostnader, husleige og driftskostnader elles.

– Kvar enkelt kommune i samarbeidet må koste tiltak i eigen heim og utanfor heimen, medrekna fosterheimsplassering og institusjonsplassering. Desse postane har sprokke, noko vi må innrømme at det har kome overraskande på oss, fortel rådmannen.

I eit referat frå eit oppsummeringsmøte om det interkommunale barnevernet går det fram at både Ulstein kommune og Ørsta kommune har fått meirforbruk på tiltak. I referatet slår ein fast at det er uheldig at ikkje dette meirforbruket har blitt føresett. Det blir også peika på at ein har eit potensial for å redusere utgiftene på etablerte tiltak i Ulstein kommune.

Rådmannen fortel at kommunen i tillegg har fått auka kostnader til pensjon.

-Likevel ser vi føre oss å kunne levere eit rekneskap omtrent i balanse. Det skuldast god kostnadskontroll innanfor kjerneoppgåvene og det skuldast meirinntekter på skatt i siste kvartal. Vi har også ganske gunstig utvikling på finansområdet.

Rådmannen seier at ein vil kome til å leggje fram eit revidert budsjett, og han trur det vil vere naudsynt med nokre innstrammingar.

– Vi trur utsiktene til meirinntekter på skatt kjem til å utebli i 2015