Måndag hadde Ulstein formannskap ei sak på bordet om sluttrekneskapen for vegprosjektet gjennom Holsekerdalen. Der bad administrasjonen politikarane om å godkjenne eit auka låneopptak på 37,8 millionar kroner for prosjektet som har fått ein totalkostnad på 99 millionar kroner.

– Eg opplever at trasevalet var ei svært framtidsretta og fornuftig løysing då vi gjorde vedtak om det i 2009. Det har blitt eit flott anlegg med optimal arealutnytting.

Det seier rådmann Einar Vik Arset i Ulstein kommune, men samstundes slår han fast at det er mykje som ikkje har gått rette vegen.

– Men då trasevalet vart gjort trur eg dei færraste såg føre seg at anlegget skulle verte såpass kostbart, og det viste heller ikkje kalkylane. Dei var gjort av eksterne prosjektørar og viste eit moderat kostnadsbilete for prosjektet.

Rådmannen fortel at det var det dyraste alternativet som vart valt, men at det skjedde for å få mest mogeleg arealutnytting for eit område der kommunen ser føre seg å kunne selje tomter for om lag 45 millionar kroner.

Vik Arset meiner vedtaka som vart gjort i 2009 vart gjort på heilt andre økonomiske anslag enn det som viste seg å vere realitet.

Komplisert bruprosjekt

Det første byggesteget i prosjektet, frå krysset i Bjørndalsvegen og opp til bruene, gjekk ifølgje rådmannen etter planen.

– Bruene vart svært krevjande. Vi hugsar Fjelltun-ulukka i Ålesund, og her oppe har vi akkurat same typen fjell. Når ein får vekt på så kan alt skje. Då måtte ein ned, støype og lage nye fundament for heile brukonstruksjonen. Det var aldri teke høgde for, seier Vik Arset.

Rådmannen fortel at ein ikkje kom seg ned i dalen for å ta prøver der fundamenta skulle stå, men at prøver i omliggande fjell gav konklusjon om at ein var på trygg grunn.

– Vi er stolte over at vi har bak oss ein veldig investeringsperiode med veldig moderate kostnadsjusteringar. Det gjeld begge omsorgsprosjekta, storhallen, ny stadion og Sjøgata. Men å bygge eit bygg og å bygge ei bru er to heilt forskjellige ting og der har vi nok undervurdert kompleksiteten, trur Vik Arset.

Rådmannen meiner det er udiskutabelt at Nordplan AS har slurva i sitt prosjekteringsarbeid.

– Mi generelle haldning er at vi ikkje dreg noko inn for rettsinstansane anna enn når vi absolutt må. Det er oppe til vurdering, og vi kjem til å bestille ei uavhengig ingeniørvurdering av prosjekteringsarbeidet som er gjennomført. Den vil setje lys på om dette er så grove feil at det bør forfølgjast.

Krevjande for kommunen

Vik Arset poengterer at ingen skal tru at kommunen sine investeringar er eigarlaus kapital.

– Det er feil. Vi legg vår stoltheit i at pengane går til det dei er sagt å skulle gå til. Då skal verken ingeniørfirma eller entreprenørar tru at kommunen er ein enkel kunde som glatt overser slurv i arbeidet.

Samstundes innrømmer rådmannen at kommunen ikkje har vore gode nok på prosjektoppfølging.

– Vi erkjenner fullt ut at prosjektet vart krevjande for oss, og at ein sprekk på 15 millionar er beklageleg. Det må vi som byggherre ta ansvar for. Vi sette for lite eigne ressursar på kontraktsoppfølging og oppfølging i felt. Vi hadde eit kronisk fokus på framdrift og trudde vi ville finne løysingar med ansvarleg prosjekterande undervegs. Der møter vi no ei kald skulder. Dei viser til at fristar for å melde inn dette er ute, men vi meiner det er såpass grovt at dei fristane ikkje gjeld.

Rådmannen meiner mykje handlar om kapasitet for kommunen sin del.

– Vi hadde for mange ballar i lufta på dette tidsrommet, og vår prosjektorganisasjon var ikkje rigga for dette store prosjektet. Men det er jo difor ein går ut og kjøper tenester. Det er fordi ein ikkje sjølv har kapasitet eller kompetanse og når anbodsgrunnlaget då er såpass mangelfullt at entreprenør byrjar å skrive endringsmeldingar nærast med ein gong så ryk millionane fort.

Rådmannen fortel at prosjektrekneskapen er over, og at kommunen må vedkjenne ein sprekk i prosjektet på 15 millionar kroner. No ventar administrasjonen på ei ekstern vurdering før kommunen vil vurdere rettslege steg.

– Det har vi normalt svært høg terskel for å gjere, men vi har rekna oss fram til at direkte kostnader knytt til mangelfull prosjektering nærmar seg 10 millionar.

Kommentar frå Nordplan

- Vi har svart Ulstein kommune på ein påstand om mangelfull prosjektering i tilknytning til nemde prosjekt. Denne saka blir no handtert av vårt forsikringsselskap. Vi stiller oss uforståande til påstanden frå Ulstein kommune, kommenterer Arne Steinsvik som er dagleg leiar i Nordplan AS.

Må vurdere sak: Rådmann Einar Vik Arset og Ulstein kommune ventar på ei ekstern vurdering av prosjekteringa i Holsekerdalen. Det kan ende med at kommunen går til rettslege steg mot Nordplan AS.