Professoren meiner likevel ein må tenkje på kva Bergens- og Trondheimsregionen tenkjer om saka.

Konferansen «Treffpunkt Hafast» er godt i gang på Hotell Scandic Ålesund. Eit høgdepunkt for mange denne dagen var innlegget til NHH-professor Ola Grytten, som for ein gongs skuld var på besøk i heimbyen. Han fekk enkelt og greitt spørsmålet, bør Hafast byggast?

- Ja er svaret på det spørsmålet. Vi er ikkje lenger i tvil om at det er samfunnsøkonomisk lønnsamt å byggje Hafast, og det bør byggjast no. Men det er ein del element å tenkje på når det gjeld dette spørsmålet.

Professoren meiner det er ingen tvil om at prosjektet vil lønne seg, men det er korleis det vil løne seg han er meir oppteken av.

- Skal ein ta dei siste kalkylane til etterretning bør Hafast byggjast raskast mogleg. Men, det er eit finansieringsspørsmål, eit prioriteringsspørsmål, eit budsjettspørsmål og eit makrofinansielt spørsmål. Nesten ingen meinte at ferjefri E39 ville vere lønnsomt for få år sidan, men no synest alle det.

Ikkje sikre på om alle er overtydde

Sjølv om Grytten meiner Hafast bør byggast, meiner han dei store regionane i sør og nord-aust ikkje nødvendigvis er like overtydde.

- Trondheims- og Bergensregionen tenkjer annleis enn ein gjer her. Det er fleire store samferdselsprosjekt på gang på Vestlandet, og eg trur at både Rogfast (Rogaland fastlandssamband, og Hordfast (Kryssing over Bjørnefjorden, sør for Bergen) vil kome først, fordi dette er samband mellom mykje større regionar, som har større makt.  Storfjorden (Hafast) vil kome det også, men etter desse to første, trur eg. I mine auger bør det prioriterast i den rekkefylgja.

NHH-professoren spør seg også kor lønnsamt Hafast verkeleg vil vere.

- Sanninga er den at det veit ikkje vi. Det er framleis usikre prognosar, usikre kalkylar, usikre føresetnader, usikre modellar, usikre diskonteringsrenter. Dessutan må ein vurdere om ein skal helle mot eit regionalt eller eit lokalt perspektiv. Kalkylane fangar ikkje opp alt, dei viser aldri det heile og fulle biletet. Det er heilt klart ein lokal fordel å binde saman Stryn, Indre Sunnmøre, Ytre Sunnmøre og Ålesundsregionen i ein hovudveg. Men, dette er neppe i Stavanger- Bergens- eller Trondheimsregionen sin interesse. Kvifor er Ulsteinvik viktigare enn Ålesund, spør Grytten retorisk.

Grytten trur at dersom Hafast blir ein realitet, må ei kryssing av Borgundfjorden realiserast.

- Eg trur at dersom ein vel Hafast, så må ein ha ei kryssing av Borgundfjorden. Eg trur derimot ikkje ein får dette inn i nasjonale kalkyler utan vidare.

Innlegget vakte reaksjonar

Både styreleiar i Hafast, Gunvor Ulstein, fylkesordførar Jon Aasen, ordførar i Ulstein, Jan Berset og ordførar i Stryn, Sven Flo, var ikkje heilt einige med Grytten. Alle fire tok ordet, og var alle einige om at Grytten sin måte å sjå på Hafast, ikkje stemte med det som var realiteten.

- Eg er heilt einig i at vi må bygge regionen, og tenkje på region så vel som det lokale. Det gjeld både for næringslivet, men også for ordførarane i kvar enkelt kommune. No når det går ein regionaliseringsvind over Norge, må vi tore å snakke om infrastruktur, kommunikasjonsvegar og korleis vi skal ruste oss på ein best mogleg måte for framtida. Vi må danne eit kraftsenter i regionen, der vi lokkar til oss høgt kompetente folk frå andre stader i verda. For å få til dette treng vi Hafast, seier Gunvor Ulstein.

- Eg vil at det skal gå bra for Sunnmøre. Men eg må likevel seie at ein må tenkje gjennom at ein ikkje nødvendigvis tenkjer likt som oss sunnmøringar andre stader i landet, sa Ola Grytten avslutningsvis.