– Dei har gitt av seg sjølve og spreidd glede i mange år, sa avdelingsbanksjef i Ulsteinvik, Lillian Kleven Breivik, då Trude Gurskevik Knotten og Svein Børre Dimmen kom til banken for å ta imot prisen denne veka.

Prisen er på kr. 25.000 pluss eit synleg kunstverk – ein dekorert byggestein i glas – laga av Astrid Eidseth Rygh.

Starta med sketsjar

«Dimnarevyen» starta tidleg som sketsjar på Dimna IL sine medlemsfestar, men frå 1996 begynte laget å ta inngangspengar og halde eigne fullverdige revyar i grendahuset med kommentarar til det lokalpolitiske livet og aktuelle kvardagshendingar.

Kan berre foreslå

Det går ikkje an å søkje på Sparebank 1-æresprisen. – Men ein kan foreslå, seier banksjefen. – Så går styret gjennom forslagslista – og gir ei innstilling.

Det blir delt ut ærespris for både det indre og ytre kjerneområdet, d.v.s. Ørsta/Volda og Ytre Søre.

Alltid i grendahuset

«Dimnarevyen» har i alle år halde seg i fødekrinsen. Tanken på å flytte revyen til Sjøborg fristar ikkje.

– Då hadde det berre vorte eit PUFF, så var det heile over etter ei – eller kanskje to – framsyningar, seier Trude og Fred Børre, som elskar den kontakta og intimiteten som grendahuset på Dimna gir – sjølv om dei veit godt at dei som sit på dei aller bakarste radene ikkje har dei beste sjåarforholda.

Trude og Fred Børre ønskjer også å halde på den familievennlege profilen, noko sparebanken også legg vekt på i tildelinga si.

– Vi held oss så godt vi kan unna bannskap – og det skal ikkje vere pinleg når dei vi held moro med også sit i salen og ser på, seier dei.

Ny revy 23.-25. april

Ein ny revy er i emning med visingsdagar 23., 24. og 25. april.

– Vi køyrer fem framsyningar i grendahuset, ei på torsdagen og to både fredag og laurdag. I år utgjer revy-kollektivet 28 personar – på og bak scenen. Deltakarane er frå Ulstein og Hareid pluss ein frå Herøy.

Æresprisen skal først og fremst gå til oppdatering av lys- og lydanlegg. Og kostymestoff.

Alle deltakarane i «Dimnarevyen» – minus musikarane – gjer dette heilt gratis. Revyen er eit stort dugnadstiltak – og akkurat denne dugnadsånda var mellom kriteria som gjorde at banken fann revyen verdig den store æra.