Hareid kommune har betalt 4 millionar kroner for lite i pensjon i 2014. Det medfører at barnehagar og skular får det endå strammare frå og med neste skuleår.

Dette går fram av saka «Orientering om oppvekstsektor og utfordringar i Forpliktande Plan», som blir lagt fram både for levekårsutvalet og formannskapet i Hareid denne veka.

Pensjonssmellen betyr at barnehagane og skulane «kvar for seg» vil få ytterlegare 260.000 kroner mindre å rutte med – i tillegg til dei nedskjeringane som alt er lagt inn.

-  Året 2016 blir vanskeleg gjennomførbart utan strukturelle endringar, skriv kommunalsjef for oppvekst Trine Falkenstein i saksutgreiinga.

Pedagogiske kutt

- Sidan så mange andre ting er redusert så langt som råd, vil nedskjeringane føre til ytterlegare kutt i spesialpedagogiske tiltak og tilpassa undervisning. Denne undervisninga er frå før organisert i store grupper – og utan auka løyvingar vil oppvekstsektoren oppleve ei utarming av det pedagogiske tilbodet. Når driftsnivået i barnehagane også er kome ned på eit marginalt driftsnivå, må ein vente seg større fare for skeivutvikling og ein auke i behovet for spesialpedagogiske tiltak når desse borna tek til på skulen, heiter det.

Ei ytterlegare problemstilling for oppvekstetaten er meldinga om at Hareid skule har fått nokre tilflyttingar som gjer at skulen vil få ei klasse meir enn venta på 1. steg. På 4. steget driv skulen i dag ei klasse med 31 elevar.

Uttrykket «strukturelle endringar» er ikkje vidare konkretisert i saksutgreiinga. Men det ligg vel i korta at det vil kome forslag om nedleggingar og samanslåingar av barnehagar og skular.