- Vi er utruleg stolte over det dei har fått til, og det gir inspirasjon til resten av Ulmatec-familien, seier sals- og marknadsdirektør i Ulmatec, Jon-Åge Eidem til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at Ulmatec Pyro har vore under Ulmatec-paraplyen sidan konsernet kjøpte seg inn og sikra seg aksjemajoriteten i 2008. Verksemda leverer energigjenvinningssystem for skip, som hentar ut spillvarme frå eksos og kjølessystem, og brukar denne igjen om bord på fartøyet, noko som vil redusere energibruken. Selskapet har i tillegg utvikla system for nye måtar å nytte energien på, skriv fylkeskommunen på sine nettsider.

- Dette var ei svært gledeleg melding å få, seier administrerande direktør i Ulmatec Pyro, Jan Petter Urke, til fylkeskommunen sine nettsider.

Sterke lokale eigarar

Sjølv om Ulmatec har aksjemajoriteten i Ulmatec Pyro, er det framleis lokale eigarar som er med og sikrar drifta.

- Ved Ulmatec Pyro har det blitt fleire tilsette etter at vi tok over, og vi har bygd ut over 1.100 kvadratmeter produksjonsareal, og planar om ytterlegare utvidingar føreligg. Det er kjekt å sjå at satsinga Ulmatec Pyro gjer op produktutvikling og lokalitetar ber frukter. Over 60 prosent av omsetninga ved Ulmatec Pyro kjem frå eksport til utlandet, men med lokal produksjon, og denne vil auke, fortel Jon-Åge Eidem og legg til:

- Alt dette er takka vere sterke lokale industrielle eigarar, som saman med oss er villige til å satse sterkt på energigjenvinning og produktutvikling innan dette segmentet.

- Imponerande resultat

Ulmatec Pyro har 42 tilsette (2015) og ei omsetning på kr. 67 mill. (2014). I 2014 fekk selskapet si største kontrakt så langt, med avtalen om å levere system for utnytting av spillvarme på to nye riggar som Statoil bygger i Sør-Korea. Bedrifta er også blitt sertifisert etter ISO-9001 og kan levere produkt i henhold til NORSOK-standard, eit kvalitetsstempel som vil opne fleire dører.

- Det som har imponert oss med Ulmatec Pyro er at bedrifta har utvikla ei rekke nye produkt og system og vist gode resultat over tid, seier leiar for Regional- og næringsutvalet, Randi Asbjørnsen.