Eit samrøystes levekårsutval i Hareid tilrådde i møtet tysdag å slutte opp om rådmannen si innstilling om å ikkje legge ned Hareid barnehage frå 1. august i år.

Det er dermed god grunn til å tru at det blir eit liknande vedtak når formannskapet skal gi si tilråding i saka i møte torsdag. Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak 17. mars.

I vedtaket heiter det at rådmannen held fram prosessen med vurdering av ny barnehagestruktur i kommunen. I løpet av 2016 vil han legge fram ein ny strukturplan. I dette planarbeidet vil han sjå på optimale løysingar i høve eit kvalitetsmessig godt tilbod til borna og den kommunale økonomien.

Hareid har for tida overkapasitet på barnehageplassar.