Det har knytt seg litt spenning til om Blåsarane kom seg av garde til treningsleiren til Hødd på La Manga i Spania. Som kjent er Norwegian sine fly råka av streik.

Difor reiste Blåsarane med nattbuss frå Ulstein til Gardermoen i går. Dei la ut bilete av seg sjølv på Facebook seint i går kveld, med biletteksten: "Viss Bjørn Kjos trur han kan stoppe oss, har han ikkje møtt Blåsarane"

Blåsarane gjorde nok lurt i å ta buss, for klokka 20.45 i går kveld (tysdagskvelden) kom det melding om at Norwegian kansellerer alle innanriksflygningane sine i Noreg, Sverige og Danmark frå onsdag 4. mars på grun av pilotstreiken.

Flyet til Alicante skulle gå kl 08.35 i dag tidleg, men vart utsett til 12.00. I følgje Avinor reiste flyet frå Gardermoen kl 12.03.

Fleire av Norwegian sine utanriksfly er forseinka. Flyet som skulle gå til Roma kl 08.45 har fått ny tid kl 13.50.