Bussvraket utanfor Johanplatten på Hareid, den såkalla «Korsnes-bussen», kjem til å bli presentert i det neste nummeret av bladet «Rutebil», opplyser redaktør Bjørn Falck Russenes. Nummeret kjem etter påske og er eit av fem årlege nummer. Bussen var karosseribyggenummer 9 i 1950 ved N&SB i Stryn.

Planane er å få bussrestane på Hareid tilbake til Stryn i første omgang som eit utstillingsobjekt – slik han er no.

Det kan også vere aktuelt å tilbakeføre bussen til den tilstand han ein gong var i, men det vil ta tid.

«Det skal bli spennende å følge med i hva som skjer med Hareid-bussen fra Stryn», skriv Russenes i ein e-post til Vikebladet Vestposten.