Snart kjem tida for ny asfaltlegging på fylkesvegstrekningar som har vorte svært nedkøyrde dei siste åra.

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde opplyser at ho har kontakta vegvesenet for å høyre kor langt ein er komen på den prioriteringslista for nyasfaltering som vart vedteken i fjor. Ho har fått vite at for Hareid og Ulstein sin del er den lengste strekninga med ny asfalt dei 3006 første metrane frå Bigset-krysset og innover i Snipsøyrdalen.

Dei som bur langs vegen her ringer ofte og spør kva tid vegen blir stelt.

I Ulstein blir det lagt opp til asfaltfornying i 616 meters lengde i Ulsteinvik sentrum og i 2463 meters lengde på fylkesvegen mellom Hasundkrysset og Kvalnestunnelen.