Søstrene Malene og Sophie Breivik Nesse frå Hødd er uttekne på det norske RG-landslaget som skal ha landskamp mot Sverige i Gøteborg 13.-15. mars.

Dette er den andre gongen dei stiller i landslagsdrakt.

Malene stiller i senior internasjonal klasse, medan Sophie stiller i junior internasjonal klasse. Begge gjorde det skarpt under NM i rytmisk sportsgymnastikk tidlegare i år.

Dei har også gjort det svært godt i Duo-klassen denne sesongen og har ambisjonar om å ta NM-gull i Haugesund 22. mars.

Dei to er med andre ord inne i ein spennande mars-månad.