Hareid treindustriarbeidarforening har hatt årsmøte og heidra fleire trufaste arbeidarar.

Foreninga inkluderer organiserte ved Ekornes Hareid og Vital Base. Det vart delt ut krystallvase til dei som har vore organisert i 40 år og nål til dei som har vore organisert i 25 år.

Bildet viser frå v.: Sivalingam, Sivabahlen og Sankaralingan, som alle tre fekk nål for 25 års medlemskap - vidare Svanhild Richardsen og Liv Mork Holstad, som begge fekk vase for 40 år - og lengst til h.: Nina Helland, som stod for tildelinga.

Bildet er av teke av foreninga si ungdomskontakt Thomas Hovlid Kjelstadli.

Vi gratulerer.