– Hareid, Ulstein og Herøy har mangla eit lokalt lag som arbeider for natur- og miljøinteresser i området, seier initiativtakar Kersti Hasund.

—Difor er det ingen som kan gi innspel til politikarane før vedtak vert fatta i saker som påverkar naturen.

Hasund hadde invitert til ope møte om ein levande kyst på Melshorn Hotell på Hareid i førre veke.

30 medlemer

Spesielt invitert var dei 30 medlemmene som Naturvernforbundet har i Hareid, Ulstein og Herøy.   Generalsekretæren i naturvernforbundet Maren Esmark heldt foredrag. Marine Harvest heldt også innlegg. Det vart eit møte mellom villaks og oppdrettslaks. Esmark hadde fokus på Noreg sitt ansvar for at den atlantiske villaksen ikkje skal døy ut. Marine Harvest gjorde greie for matproduksjonen både lokalt og internasjonalt.

Uroa over oppdrettsnæringa

Naturvernforbundet var uroa for kraftig auge i kjemikaliebruk i oppdrettsnæringa det siste tiåret. Og ønskjer ein stopp i vekst av næringa til dei miljømessige utfordingane er løyst. Naturforbundet går inn for lukka anlegg, for å unngå røming, lakselus og ureining. Dette er eit type anlegg som enno ikkje er ferdig utprøvd.

Marine Harvest på si side la vekt på matprodukjsonen og kor viktig den er i eit globalt perspektiv. Dei peika også på dei legg ned store ressursar for å møte dei miljømessige krava. Mellom anna vert det forska på alternativ til kjemikaliebruk.

I ordskiftet etterpå måtte dei likevel medgi at bruken av kjemikaliar i oppdrettsnæringa framleis er høg.

Eit heitt tema i spørsmålsrunda etterpå var også bruk av matfisk i forproduksjonen i oppdrettsnæringa.

Utvidinga av smoltfiskanlegget i Ulstein kommune, Flø, vart også nemnt.

—Dette er døme på ei sak som det hadde vore naturleg at eit lokallag hadde sett nærare på før vedtak vart gjort, seier Kersti Hasund.

Ho skulle ønske at oppmøtet var betre, men er glad for ein medlemsauke på 10 prosent. Og at det vart sett ned eit interimstyre. Dette styret vil alt no starte arbeidet med å sjå på saker som påverkar natur og miljø i dei tre kommunane.