Stortingspolitikarane Bjørn Lødemel (H) frå Sogn og Fjordane og Oskar Grimstad (Frp) frå Møre og Romsdal er heidra med Småkraftprisen 2015.

Dei får prisen for å ha vore sentrale i arbeidet med å få dei utegløymde kraftverka inn i sertifiseringsordninga, skriv Småkraftforeninga i ei melding på eigne nettsider.

– Begge har vore svært tydelege mot den uretten som blei gjort då desse kraftverka ikkje fekk ta del i sertifiseringsmarknaden frå 2009. Dei har begge arbeidd aktivt for at desse kraftverka skulle få sertifikat, og utan innsatsen deira ville vi ikkje fått gjennomslag for saka seier styreleiar Bjørn Lauritzen i Småkraftforeninga