Sunnmøre Golfklubb har halde årsmøte og valt Gunnar H. Hide som ny formann.

Klubben held til på Hareid, der vi har ei aldeles nydeleg bane og eit flott klubbhus og anlegg. Klubben vert driven på dugnad av medlemmane med god støtte av gode samarbeidspartnarar og sponsorar.

Kvart år engasjerer klubben ein pro (trenar) og ein greenkeeper (baneansvarleg), og det skal klubben gjere denne sesongen også.

Ny medlemer er velkomne

Klubben tek sikte på ein like flott sesong i 2015 som i 2014, men ynskjer at fleire skal få auga opp for kor flott golf er og at golf ikkje er ei mystisk greie for dei spesielt interesserte. Flott natur, opplevingar, samhald og mykje godt humør skildrar Sunnmøre Golfklubb på ein god måte.

Knøtte- og juniorgolf

Framover vil derfor klubben ha auka fokus på Knøtte- og Juniorgolf samt gjennomføre «Veien til golf»-kurs for folk i alle aldrar. I golf er ingen på reservebenken og alle er hjarteleg velkomne til å prøve.

Valet gav fylgjande resultat: Formann: Gunnar H. Hide, nestformann/ sponsoransvarleg: Torkjell Ringstad, økonomi: John Stennes, klubbsekretær: Kjetil Hasund, bane: Vidar Øvrelid, klubbhus: Per Ingeberg, turnering: Kåre Bjåstad, rekruttering/ungdomsarbeid: Bjørn Julius Vattøy.