Høgre skal i slutten av april gjennomføre landsmøte på Gardermoen. I sambandet med dette blir det arrangert eit seminar som har tittelen "Vi baner veg".

Sentrale innleiarar i panelet på dette møtet blir konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group. Ho er også styreleiar i Hafast, og ein treng ikkje vere rakettforskar for å forstå at Ulstein vil kome med signal til seminardeltakarane om kor viktig Hafast vil vere for den vidare utviklinga på Sunnmøre.

Også Torger Reve, professor ved Handelshøgskolen BI  i Bergen, skal  sitje i  panelet. Han har tidlegare kome med utrekningar som viser at Hafast vil vere eit samfunnsøkonomisk godt tiltak.

Leiinga i Høgre skal under seminaret presentere den nye samferdselspolitikken sin.

Seminaret blir gjennomført ein time før Landsmøtet skal setje seg.