Hareid har fått tildelt kr. 700 000 i tilskot til næringsfondet i 2015. Dette kjem i tillegg til det kommunen ikkje brukte opp i fjor.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som yter tilskotet, og Ulstein kommune får 600.000 kroner.

- For dei som tenkjer på å starte ei verksemd eller utvide, kan det å få tilskot vere eit godt supplement, skriv Hareid kommune på nettsida si.

Kommunale- og regionale næringsfond skal nyttast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i kommunar som ligg innafor det distriktspolitiske verkemiddelområdet

Stønadsgrunnlaget er sett til maks kr. 300.000,- eks. moms. Søknader med større kapitalbehov skal oversendast til Innovasjon Noreg.