Alle bustadene har eigen hage og har storslått utsikt  utover havgapet mot Herøy.

Husa er bygd i prefabrikkerte element, og det fyrste huset er allereie montert. Dei fyrste seksjonane står ferdig til innflytting no til sommaren. Bustadfeltet ligg rett ovanfor idrettsanlegga på Høddvoll og er nær idrettstilbod og Ulstein Vidaregåande skule, barneskule, barnehage og butikk. Dette er eit av dei siste store sentrumsnære bustadfelta i Ulsteinvik; alle husa ligg svært fint til mellom Varleite/Vikemarka med fri utsikt utover sjøen mot Herøybrua og vidare ut mot storhavet.

Alternativ til einebustad

- Målet er å utvikle eit variert og idyllisk bustadfelt med gode oppvekst- og buvilkår der både barn, unge og vaksne kan trivast. Bustadane får tre til fem soverom, store balkongar og eigen hage. Det er lagt vekt på at dette skal bli eit fullgodt alternativ til einebustader. Uteareal vil bli stelt og vegareal asfaltert så snart våren kjem, og i god tid før innflytting, opplyser dagleg leiar Thor Ove Rekdal Nedrelid i Total-Bygg.

Innsparing på 248.000 kroner

Han fortel at Total-Bygg dei siste seks månadane har «knadd» i prosjektet for å kutte kostnader og auke kvaliteten på husa. Total-Bygg har mellom anna tatt jobben med elementbygging og betong sjølve, og dermed kutta fleire leverandørledd. Innsparinga på inntil kr 248 000 per bueining har Total-Bygg kutta direkte i salsprisen på bustadene. Samstundes er husa utvida med opp til 15 kvm, og kundane får dermed større hus til ein vesentleg lågare pris enn før.

- Vi har arbeidd med  å finne eit godt satsingsområde i Ulsteinvik etter utbygginga i Storegjerdet fram til 2014. Hofsetmarka passar til alle kravspesifikasjonane: Total-Bygg får utvikle eit større område og kan dermed oppnå ein best mogleg heilskap, forklarer Nedrelid.

Han legg til at framdrifta skal følgje salet.

Sporstøl Arkitekter

Bustadane er teikna og prosjekterte av Sporstøl Arkitekter. Alle bustadene vert vertikaldelte, og vil få store glasflater, store stover og kjøkkenløysing med integrerte kvitevarer inkludert. Alle husa vert vridde mot Herøybrua for å oppnå fritt utsyn mot havet, dei vil få store balkongar og garasje anten i underetasjen eller på fyrste plan. Bruksarealet (BRA) blir på 87, 102 og 135 kvadratmeter. I tillegg kjem bod/garasje.

- Marknaden har teke seg opp

- Bustadmarknadenhar teke seg opp i det siste, og Total-Bygg har selt  tre bustader i Hofsetmarka berre dei siste par vekene, fortel Nedrelid.