Det går fram av eit brev selskapet har sendt til kommunen.

Selskapet eig bygget, som ligg mellom Statoil og «Nordeabygget» i Hareid hamn. Euronics leiger underetasjen.

Trygg Utvikling AS v/Inge Eidem har vore i to førehandskonferansar med Hareid kommune, som skal ha stilt seg positive til at halve 2. høgda og heile 3. høgda kan nyttast til busetjing av flyktningar, gjestearbeidarar og elles slike som har vanskar med å kome seg inn på bustadmarknaden.

«Hamnesenteret» har ei grunnflate på 15 x 30 meter og har tre etasjar med etasjeskilje i betong. Kvar etasje er på 450 kvm.

Trygg Utvikling AS skriv i brevet at dei gjerne vil kome fort i gang. Skisser og teikningar er alt på plass.