NRK Møre og Romsdal skreiv i dag tidleg at bilferja Ullensvang har maskinproblem og går med lågare fart enn vanleg. Det var vanskar med systemet for manøvrering. Det dette melde Norled at ferja vart innstilt, rundt halv ni.

Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til la ferja til land på Sulesund, 40 minutt bak skjema. Så det vart ei lang ferjereise for ein del passasjerar.

Klokka halv ti i føremiddag melde Norled at ferja er i rute igjen.