Selskapet skriv at dei jobbar med å gjere tenesta tryggare for både pasientar og personale. Eit ledd i dette er å etablere faste landingsplassar der også ambulansebilane kan møte opp.

- Med faste landingsplassar slepp personalet i helikopteret å leite etter høvelege stader når dei skal koplast opp mot ein ambulansebil. Ein fast plass vil også klarere eventuelle hinder i landingsområdet – og ved vanskelege vêrtilhøve blir regulariteten betre når landingsplassen er kjend, heiter det i søknaden.

Norsk Luftambulanse har skissert at landingsplassen må ligge i flatt terreng og omfatte 20 x 20 meter der 5 x 5 meter er asfaltert. Plassen må vere fri for hindringar som leidningar, flaggstenger, tre  og stativ i sjølve innflygingssona. Plassen må også ha tilkomst frå veg og ha slik avstand frå busetnaden at denne ikkje blir sjenert av støy og «down-wash». Plassen må brøytast vinterstid, og det er også fordel med flomlys.