Vallista til Partiet De Kristne ved kommunevalet i Ulstein er no klar. Det er Kristine T. Røren som toppar lista, med Maria Linn Saunes på andre plass og Ståle Tønnesen på tredje.

Tidlegare har Kristent Samlingsparti stilt liste ved kommunevalet i Ulstein, då også med Røren som toppkandidat.

- Lokallaga og fylkeslaget til Kristent Samlingsparti vart eininge om å legge ned verksemda i Møre og Romsdal for å gi plass til Partiet De Kristne. Det er meiningslaust å ha to så like parti, forklarer Kristine Røren.

Røren fortel at styret no vil setje i gang arbeidet med å velje ut kva for lokale saker dei skal satse på framover mot valkampen.

- Vi satsar med friskt mot og er eit godt alternativ å stemme på til hausten, seier ei optimistisk Kristine T. Røren.

Her er kommunevalslista til Partiet De Kristne:

Kristine T. Røren (1947)

Maria Linn Saunes (1980)

Ståle Tønnesen (1954)

Eva Mork Osnes (1963)

Amt Vidar Ulstein (1973)

Sigrid Saunes (1949)

Ole Gabriel Berstad (1932)

Per Havåg (1937)

lnge E. Røren (1940)

Anna Ask Flø (1928)