Havyard Ship Technolog har i dag overlevert det andre av i alt tre vindmølleskip til det danske reiarlaget Esvagt.

Fartyet, «Esvagt Faraday», er ein såkalla Havyard 832 SOV som er utvikla av designselskapet Havyard Design & Solutions i Herøy.

Skipet si hovudoppgåve er å huse og frakte personell og utstyr til service og vedlikehald på vindmølleparkar til havs. Dette inneber mellom anna at skipet har eit spesialisert landgangssystem som gjer det mogleg å  overføre personell frå skipet til vindmøllene også under tøffe vêrtilhøve.

Reialegaet Esvagt vart etabler i 1981 og hovudkontoret held til i Esbjerg i Danmark. Reiarlaget opererer innan beredskapsfarty og ankarhandteringsfarty, tryggleikstrening, oljevernberedskap og personelltransport til bustadeiningar og vindmølleparkar offshore. Esvagt har ein samla flåte på 41 farty i tillegg til tre nybygg, mellom dei det siste i serien på tre frå Havyard.

«Esvagt Faraday» er Havyard Ship Technologys sitt nybygg nummer 119 og er det andre som vert levert til Esvagt. Det første, nybygg 118 «Esvagt Froude» vart levert i midten av februar. Det tyske selskapet Siemens Wind Power har hyra inn begge skipa på langtidskontrakter for å drive service på vindmølleparkane deira i Austersjøen og i Nordsjøen. «Esvagt Froude» går på ei femårskontrakt for Siemens og tek hand om vindmølleparken Baltic 2 i Austersjøen, medan «Esvagt Faraday» skal inn i ei tiårskontrakt i Butendiek-prosjektet i den nordre delen av den tyske sektoren av Nordsjøen.

I følgje Havyard er tilbakemeldingane frå det første vindmølleskipet, «Esvagt Froude» gode og både reiarlag og operatør ser fram til å setje «Esvagt Faraday» i arbeid».

– Det vil alltid vere utfordringar med utvikling og produksjon av nye produkt. Det hadde vi også når vi bygde det første vindmølleskipet, seier Lasse Stokkeland som leier Havyard Ship Technology AS. Han peiker likevel på at fordelen med å ha kontroll på både design og bygging av ny skipstypar er at ein få testa ut nye løysingar og fange opp eventuelle endringar som må gjerast før nye skip vert bygde.

– Sjølv om «prototypen» og nr. to her kom tett på kvarandre, var det mykje læring frå det første bygget som kom gjennomføringen av prosjekt nummer to til gode. Vi er veldig godt rusta til å bygge fleire skip til denne spanande marknaden, eller yte støtte til andre verft som vil bygge vårt design, framheld Stokkeland.

Bygg 119 er utrusta og ferdigstilt ved Havyard Ship Technology AS i Leirvik i Sogn, medan Havyard Design & Solutions i Fosnavåg altså har levert design og arbeidsteikningar.