Skal du feire påska heime i ytre strok kan du bu deg på at den vert blautare enn eit lettkokt påskeegg.

I følgje YR.no sitt langtidsvarsel for Hareidlandet ser det nemleg ut til å verte nedbør kvar einaste dag frå palmesøndag til påskeaftan. Rett nok spår YR at noko av nedbøren vil kome som snø, men noko vidare skiføre vil nok ikkje dette føre til.

Skal du feire påska litt lenger inne i landet ser det noko lysare ut, i alle fall om det er skipåske du er ute etter. På Bjorli til dømes vert det også nedbør, men med temperaturar på 2-3 minusgrader vil denne falle som snø.