A-laget til Hareid kom torsdag heim frå treningsleir i Tyrkia.

Hjelpetrenar Harald Møller opplyser at laget har hatt eit vellykka treningsopphald, og at ingen av spelarane på laget er skadde.

- Men det er kort tid sidan vi kom heim, og det skal bli spennande å sjå kva utslag det gir under kampen laurdag. Spelarane er kanskje slitne både i hovud og kropp akkurat no, legg Møller til.

Stryn spelar i 3.-divisjon, og det blir interessant å sjå om nivået er mykje høgare enn hos 4.-divisjonslaget Hareid.

Kampen laurdag blir nest siste oppkøyringskamp før seriestart. Den siste blir mot Skodje.

Første seriekamp for Hareid blir borte mot Valder 16. april.