Etter at det kom fram at ei fjordkryssing over Hafast-traseen kan kome til å koste så mykje som 38 milliardar kroner, spurde Fredric Holen Bjørdal frå Arbeidarpartiet om statsråden vil greie ut og vurdere andre alternativ, eller om Hafast skal byggjast uansett pris, skriv Møre-Nytt.

– Eg finn det lite produktivt om vi no skal byrje å greie ut desse traséalternativa på nytt, som Holen Bjørdal utfordrar meg på, svarer samferdselsministeren på spørsmålet frå Bjørdal.

Solvik-Olsen utdjupar svaret med at i dei nye utrekningane er det lagt til grunn vesentleg høgare kostnader enn tidlegare for fleire strekningar, mellom anna Hareid -Sulesund.

Han viser til at desse i hovudsak kjem av at det i riksvegutgreiinga er lagt til grunn bygging av firefeltsveg, altså vesentleg høgare standard enn i konseptvalutgreiinga. I tillegg er det rekna med meirverdiavgift, skriv Solvik-Olsen. (©NPK)