168 var tilstades i Ulstein kyrkje. Kvelden før kom 37 tilhøyrarar i Larsnes kapell, eit tal som også tilsvarer talet på songarar i koret.

Utstyrte med kvar sin mikrofon vart det skapt lydbilde med høve til verkeleg å skru opp volumet når det galdt.

Som Oddgeir Nygjerde sa det: Dei hadde prøvt å setje opp eit program som låg opp til påskebodskapen. Tekstane vart viste fortløpande på lerret, utan tittel.

Koret gjekk tøft ut med det kjende refrenget «Lord, send your anointing», eit nummer som også var ekstranummer til slutt. Det var endå meir presisjon og futt over den siste utgåva, noko som understrekar at det tek litt tid å få opp varmen i både kor og publikum.

Fleire i koret hadde solistoppgåver: Kari Janne Ljones Kulø, Monika Goksøyr, Helge Flacké og Tord Aksnes. Medan andre las korte, sentrale bibeltekstar. Bandet (Rune Ertesvåg, Oddgeir og Peter Nygjerde og Ragnar Øvrebøe) hadde også eit eige instrumentalnummer over melodien «Å, hvilken venn vi har i Jesus».

Høgdepunkt?

Det er sjølvsagt også smak og behag, men Monika Goksøyr sine to solistinnslag - «In Christ alone» og «Jerusalem» - var det ei uvanleg flukt over. Som solisten sjølvsagt skal ha sin del av æra for. Den første særleg i kraft av ein veldreia melodi, som hadde noko «irsk» i seg – og «Jerusalem» med sitt kraftfulle og varierte preg.

Gospelkoret hadde lagt inn ein medley midtvegs der publikum fekk synge med. Det fungerte godt. Vi fekk fleire korte utdrag frå kjende salmar med både norsk og engelsk tekst. Denne «Hymns medley» bygde nok frimot i mang ein publikummar.

Av spesielle minne frå konserten var også eit «Amen», som sannsynlegvis ikkje har vore uttalt med slik kraft i Ulstein kyrkje – før  no.

Dermed kunne dirigent Einfrid Grindhaug snu seg mot publikum og saman med songarar og band takke for god reise og ønskje god påske.

Kjernebodskapen

Kjernebodskapen i Gospelkoret sin påskekonsert i Ulstein kyrkje torsdag fekk ei fortetta formidling i det som vart sagt rundt songen «I am» av Curt Franklin:

Songen handlar om å la seg forme av Guds nåde og kjærleik. Vi er ikkje fullkomne, men Gud får starte ein prosess i oss, så vi gradvis får forma identiteten vår.

– Takk for at vi kan endre oss, vart det sagt i nummeret før «I am».

Vel blåst.