Då vektaren kom for å undersøkje kvifor alarmen hadde gått ved ein bensinstasjon i Ulsteinvik natt til laurdag, fann han ein mann sovande inne på stasjonen. Politiet vart tilkalla, men den ubedne gjesten, ein mann i 20-åra, sette ikkje pris på å bli vekt. Han oppførte seg aggresivt mot politiet og spytta mellom anna ein polititenestemann i andletet.

Mannen vart send til arresten i Ålesund der han vart sett i varetekt.