- Møre og Romsdal er eit fylke som tradisjonelt sett merkar endringar i arbeidsmarknaden tidleg. Vi ser no at auken i talet på ledige skjer raskare her enn i landet totalt sett, seier fylkesdirektør i NAV, Stein Veland.

Han fortel at auken her i fylket har vore på 12 prosent det siste året, medan auken for resten av landet berre har vore på 5 prosent. Trass auken, talet på ledige i Møre og Romsdal er framleis lavare enn i dei fleste andre fylka, syner tal frå NAV Møre og Romsdal.

- Berre Oppland, Troms og Sogn og Fjordane har lavare arbeidsløyse, seier fylkesdirektøren.

Medan det på landsplan er ei arbeidsløyse på  3,0 prosent, er arbeidsløysa i Møre og Romsdal 2,5 prosent. Dette gjeld folk som er heilt ledige.

I Ulstein er det 25 fleire arbeidsledige i mars 2015 enn det tilfellet var samme månad i fjor. Den siste månaden har talet på ledige gått opp med 16 personar. I alt er 94 personar heilt utan arbeid i Ulstein, noko som utgjer 2,2 prosent av arbeidsstokken.

Hareid har 104 heilt ledige, tilsvarande 3,9 prosent av arbeidsstokken. Dette er berre ein auke på ni i høve til mars i fjor og berre ein meir enn sidan førre månad.

Herøy opplever ein tilbakegang i arbeidsløysa i høve til mars månad i 2014. 28 færre er arbeidsledige i mars 2015, men dette er likevel 15 fleire enn i februar. Arbeidsløysa i Herøy er på 2,6 prosent, eller 121 personar.

I Sande og Vanylven er det likemange ledige i mars som det var i februar, høvesvis 27 og 28 personar. Sande kan notere seg for ein tilbakegang på ni arbeidsledige i høve til samme periode i mars i fjor, medan Vanylven har fått to fleire heilt ledige. Talet på ledige er lavt i begge kommunane, 2,0 prosent i Sande og 1,8 prosent i Vanylven.