Reiarlaget Rem Offshore har lagt dei to fartya Rem Provider og Rem Star i opplag.

Det fortel Herøynytt.

Administrerande direktør i reiarlaget, Åge Remøy, stadfestar overfor avisa at to skip har gått i opplag.

- Det er vanskeleg å seie kor mange av mannskapet som må gå ut i permitteringar. Nokre kan nyttast andre stader, seier Remøy til Herøynytt.

Det er om lag femti personar som arbeider på dei to fartya.

Åge Remøy vonar at marknaden vil betre seg og at dei vil prøve å få skipa i drift att innan tre månader.

- Men er marknaden like dårleg må vi nok ta til på den tunge prosessen med å seie opp folk, seier Remøy.