Ein 35 år gammal mann, busett på Ytre Søre Sunnmøre, er dømd for vald mot sambuaren sin ved seks  tilfelle i tidsrommet 2011-2013.

Då saka var oppe i Søre Sunnmøre tingrett la aktor ned påstand om at den tiltalte skulle dømmast til fengsel i seks månader med frådrag av tre dagar han alt har site i varetekt.

Forsvararen la ned påstand om at mannen skulle frikjennast, subsidiært dømmast på mildaste måte.

Det er påtalemakta som har bevisbyrda i straffesaker, og beviskravet er streng. Ei domsfelling krev at både dei objektive og subjektive vilkåra er bevist  utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil.

Den tiltalte har i forklaringa si til retten erkjent at han har skubba sambuaren ved fleire høve, men han erkjenner ikkje å ha slått eller sprarka.

Meir reserverte i retten enn i politiavhøyra

I bevisvureringa har retten bemerka at det er eit trekk i bevisbildet at den fornærma sambuaren, og eit anna sentralt vitne, har forklart seg ulikt, meir reservert, dels erklært at dei ikkje hugsar ting og del ikkje har ønska å svare på ting som dei har forklart seg om i politiavhøyr.

Dei har gitt uttrykk for at dei i politiforklaringane har forklart ting som ikkje stemte, innbilt seg, eller var overdrive om den tiltalte sine handlingar i veremåte.

Den fornærma kvinna sa i retten at då ho avga forklaring til politiet på staden, og også i etterfølgjande avhøyr, var i affekt.

Retten trur mest på politiavhøyra

Retten har funne det både naturleg og forståleg at den fornærma og vitnet har følt det vanskeleg å vitne mot den tiltalte, og at det er vanskeleg å forklare seg om det som har skjedd, sidan familien leverer saman, og etter det dei sjølv seier, har det veldig bra saman.

Men retten har sit likevel igjen med eit inntrykk av at politiforklaringane er meir truverdige, fullstendig dekkande enn dei rettslege forklaringane.

Ingen av foklaringane synest overdrivne. Også to  politiforklaringar underbygger dette.

- Vanleg å endre forklaring i slike saker

Ein politioverbetjent forklarte i retten av det er vanleg i denne typen saker at den fornærma og vitne endrar forklaring under vegs. Det er derfor viktig at politiet sikrar spor og tek avhøyr tidleg, før partane har fått snakka saman.

Den fornærma kvinna har også oppsøkt legevakt etter ein av valdsepisodane, og ei legeerklæring skildrar fleire av skadene kvinna har fått.

Men den valdsutsette sambuaren har uttalt at ho ikkje ønskjer at mannen skal traffast.

- Eit alvorleg samfunnsproblem

Dette har Søre Sunnmøre tingrett ikkje teke omsyn til. Dei viser til at vald i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem, og at allmennpreventive omsyn gjer det naudsynt å reagere sterkt på denne typen lovbrot.

Retten viser også til ein uttale i Høgsterett, om at straffeansvar for familievald primært byggjer på allmenne hensyn, og at den fornærma si personlege haldning ikkje skal  tilleggast vesentleg betydning ved straffeutmålinga.

Dermed vart det nitti dagars fengsel, med unntak av dagar han alt har site i varetekt, på mannen som er busett på Ytre Søre Sunnmøre.