Det har blitt opprette ei arbeidsgruppe som skal jobbe saman mot ei eventuell samlokalisering av Hareid og Ulstein sine økonomi-, løn- og personalavdelingar. Dei som er med i denne gruppa er: Grete-Marit Dimmen (Hareid), Helge Leikanger (Hareid), Julie Rise Sveen (Ulstein) og Elisabet Aklestad (Ulstein).

Onsdag førre veke hadde representantar frå kommunane samarbeidsmøte, der mellom anna rådmennene møtte.

Når arbeidsgruppa eventuelt blir samde om ein modell, blir det lagt fram ei sak for formannskapa i kommunane. Det skal då leggjast fram eit saksframlegg med konkrette mål og modell for dette samarbeidet.

Møtedeltakarane diskuterte om dei tilsette skal sitje slik som dei gjer no, på kvart sitt rådhus, eller om dei bør finne felles lokale. Dei var samde om at gevinsten blir størst om dei blir samlokalisert.

Om dei samlokaliserer seg kan dei hjelpe kvarandre i både kurs, oppgradering av program og avlastning. Og dei får eit sterkare fagmiljø. Dei blir også mindre sårbare og fleire som kan hjelpe om naudsynt.

Leige nye lokale

Ulstein har eit personale på 12 personar på denne avdelinga, Hareid har 10 personar. Skal dei samlokalisere dei må dei finne eit næringsbygg med plass til alle. Arbeidsgruppa vil no finne ut kva dette vil koste kommunane i husleige. Kva skjer med kontora som dei alt har? Kostnadene med ledige kontor?

Arbeidsgruppa vil også arbeide vidare med spørsmål knytt til drifta om dei kjem under same tak. Førebels ser dei det ikkje naudsynt med felles leiing, så lenge dei skal levere tenester til to sjølvstendige organisasjonar. Men det kan bli aktuelt å å utpeike ein på kontoret som samordnar oppgåver.

Dei vil no få fram både positive og negative sider ved ei samlokalisering.