Det finst mange gode grunnar til å låse dører og vindauge før du reiser bort i påskeferien. Ein av grunnane er faren for innbrot.

Tjuvane kan dukke opp når ein minst ventar dei.

I februar i år melde to huseigarar på Vartdal frå til politiet at uvedkomande hadde vore på besøk i husa deira. Kort tid seinare fekk politiet melding om fire liknande villainnbrot i Nordfjord, pluss eit innbrot i ein bil.

I eitt av husa på Vartdal vart det stole gjenstandar for fleire hundre tusen kroner.

- Gode tips frå publikum, god etterforsking og godt etterretningsarbeid gjorde at vi klarte å oppklare dette, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle ved Volda og Ørsta lensmannskontor til avisa Møre-Nytt i Ørsta.

Ein litauisk statsborgar i tjueåra er sikta for innbrota.

- Han vart pågripen seinare på dagen 2. februar, og har site i varetekt i Bergen sidan 3. februar, fortel Hjelle, som meiner dei har gode bevis mot mannen.

Innbrota blir sett i samanheng med fem innbrot i Nordfjord i den same tidsperioden. Her vart det gjort innbrot i fire bustader og ein bil. Mannen er også sikta for desse innbrota. Etterforskinga tyder på at mannen var åleine om innbrota.

I hovudsak sølvtøy, smykke og elektroniske apparat.

Avisa Fjordingen på Stryn skriv at mannen vart varetekstfengsla fordi det var fare for at han ville reise ut av landet og unngå straffeforfølging. Tjuveria i Nordfjord vart gjennomførte i Hornindal og fleire stader i Stryn kommune.