Måndag 13. april til onsdag 15. april kjem heile fylkestinget til Ulstein for å ha møte. Onsdagen er via næringslivet på Søre Sunnmøre.

Fylkesvaraordførar Jon Aasen forklarer til Vikebladet Vestposten at fylkestingen bruker aprilmøtet til å farte litt rundt i fylket. I år har turen kome til Ulsteinvik.

– Der er eit stort og godt hotell med mange nok rom til å gjennomføre møtet, kommenterer Aasen.

Han fortel at dei har møte i to dagar på Quality Hotel UIstein, medan den tredje dagen blir det tettpakka program om næringslivet på Søre Sunnmøre.

Ferjer, buss og anna

Måndagen og tysdagen blir det ordinært fylkesting. Mellom anna skal dei diskutere driftsstatus for fylkesvegsambanda i Møre og Romsdal. Fylket har framleis ikkje funne midlar til ei tredje ferje mellom Hareid og Sulesund.

Dessutan har Ingrid Opedal (SV) ein interpellasjon om gjennomgåande bussruter på Vestlandet.

Temadag om maritim næring

Onsdag har fylkestinget temadag om maritim og marin næring. Då skal dei til Ulstein Verft, der Gunvor Ulstein skal orientere om bedrifta. Det blir også omvising i visningsenteret.

Deretter får fylkestinget høyre om Olympic Shipping og Olympic Seafood. Stig Remøy eller Bjørnar Kleven skal snakke om fiskeri, offshore og biomarin ingrediensindustri.

Tore Roaldsnes i Roaldsnes AS skal ta for seg neste generasjon fiskebåt.

Øyvind Sundgot i Metizoft vil snakke om miljø i fokus.

Siste post på programmet denne temadagen er at ulsteinordførar Jan Berset eller -rådmann Einar Vik Arset får snakke om Ulstein kommune si vertskapsrolle for eit globalt næringsliv. Stikkord her blir attraktivitet, tettstadutvikling og rekruttering/integrering.