Utdanningsdirektoratet har valt ut 34 kommunar som blir realfagskommunar i 2015. I alt søkte 65 kommunar om å bli med på ordninga.

– Eit viktgi mål med realfagskommunane er å lære korleis barnehagar og skular kan løfte seg ut av realfagsproblemet me har i Noreg, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Dei 34 kommunane som no får denne statusen er spreidd utover store delar av landet. Alle fylkar har fått kvar sine kommunar, bortsett frå i Vest-Agder der ingen kommunar søkte om å få vere med.

– Realfagskommunar blir ein viktig del av den nye, nasjonale realfagsstrategien regjeringa skal leggje fram i løpet av 2015. Skal norske elevar blir betre i matematikk og naturfag må me styrke den lokale innsatsen i kvar einskild kommune og i den einskulde skule og barnehage, seier kunnskapsministeren.

Heilskapleg satsing

Utdanningsdirektoratet har lagt vekt på at realfagskommunane skal ha ei heilskapleg satsing på realfag både i skular og barnehage. Kommunane skal også samarbeide med lokalt næringsliv og lokale kompetansemiljø innan realfag.

Direktoratet har valt ut både kommunar som gjer det bra i realfag, og kommunar som gjer det dårleg.

I Møre og Romsdal er det to kommunar som er valt ut. Det er Sande og Giske.